Arkiv og openheit (2022)
Kommune: Nissedal
Denne forvaltningsrevisjonen handlar om Nissedal kommune sine tiltak for å sikre at gjeldande krav til arkivering og openheit blir følgt. Vi ser på kommunen sin arkivplan, praksis med journalføring/arkivering og korleis kommunen legg til rette for at publikum skal kunne krevje innsyn i dokument.