Eigedomsforvaltning – Midt-Telemark (2026)

Kommune: Midt-Telemark

I denne forvaltingsrevisjonen har vi sett om Midt-Telemark kommune har eit verdibevarande vedlikehald. Meir konkret har vi undersøkt om kommunen har ei styrings- og rapporteringsline som sikrar politisk forankring av eigedomsforvaltinga, og om kommunen har god systematikk i planlegging og gjennomføring av dette arbeidet. Det er ein kjend risiko at kommunar set av for lite midlar til vedlikehald av eigne bygg. Vi har derfor undersøkt dette også.